Ein hundetur til Grimsetstølen

Tidlegare i veka var det ei som la ut eit spørsmål om nokon ville vere med på tur for sosialisering/miljøtrening av Whippeten sin. Eg og Birthe ville gjerne vere med, og vi endte opp med at Grimsetstølen vart turmålet.
Men sidan svigers var på besøk i helga, og hadde med seg Ronja, vart dei også med på tur. I tillegg fikk eg med meg Fredrik, så brått var vi ikkje berre fire bikkjer på tur, men heile seks!

Vi møttes på parkeringsplassen ved Lonebrua, muligens noko skeptisk med tanke på at det fortsatt var litt snø der. Men vi gikk på med godt mot, og alle bikkjene vart etterkvart sluppe laus og fikk springe som dei ville.

Fredrik hadde med GPS halsbånd til Fenris, så han kunne få springe laus sidan det er ein del oversiktlege områder på vegen. Og eg som alltid har fått inntrykk av at Fenris er av den typen som stikker avgårde med ein gong han blir løsna, gjorde heller det stikk motsatte. Han gikk saman med oss heile vegen, og holdt seg i nærleiken. Litt overraska? Jupp.
Vi møtte dog på ein mann med ein Breton, som var på veg tilbake, som ikkje hadde sett hjortespor, så det er nok litt av grunnen til at Fenris ikkje sprang avgårde.

Til tross for snøen, var det relativt greit og gå, men tungt.
Men vi kom oss inn til Grimsetstølen, fikk skrive oss i boka og gikk dei 4,5 kilometerande tilbake igjen til bilane. Litt lettare på tilbakevegen, sidan vi ikkje hadde oppoverbakkar.

Så etter 3 timar og 9 km, var vi tilbake ved bilane. Vel heime «kollapsa» alle bikkjene. Til og med når Birthe og Flipp kom innom på middag utpå kvelden var det roleg! Aldri vert så roleg her før, med 2 små grå og ein liten Flipp. Herleg!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

 

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Categories: Tur

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *