Årets første skitur – til Botnavatnet

På søndag var bilen pakka og klar for skitur med Birthe, i Angedalen. Det hadde snødd ein heil del dagane i forvegen, men på søndag var det sol og kaldt. Minus 13 grader. Eg hadde med meg Catania, som fikk på seg ein dobbel fleecegenser og potesokkar, mens Birthe hadde med seg lille Flipp.
Det var også ein fin tur for og teste den nye nomeselen til Catania skikkeleg, og den funka gull!

Einaste minuset med turen, var at smøringa vi hadde til skia, ikkje holdt til den kalde temperaturen som var ute. Det vart derfor litt kladding, men det gikk forsåvidt greit.

Planen vart til at vi skulle prøve gå opp til Botnavatnet og ned igjen på motsatt side. Men når vi var omtrent oppe ved vatnet, møtte vi nokre turfolk som var på veg nedover igjen, som meinte det ikkje var tråkka opp på andre sida. Dermed vart det til at vi snudde og gikk ned igjen samme veg.

Heldigvis var det lite folk, så då var det full mulig og sleppe bikkjene i nokre av bakkane. Litt skummelt og stå ned, spesielt den eine lange, bratte bakken med hund, når man ikkje har heilt kontroll på skia…

Det vart ein tur på nesten 7 km. Og no gledar eg meg til været skal bli betre igjen, så vi kan komme oss ut på nok ein skitur. Då med litt meir passande smørning, håpar eg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Categories: Tur

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *