Eit nytt år – ein ny start

Årets siste stevne for meg og Catania, var på Dogs4All. Var noko usikker i forkant av stevnet om vi skulle delta eller ikkje. Det endte med at vi deltok, sidan eg og ei venninne uansett hadde planlagt å ta turen austover for og få med oss kaoset.
Men eg skulle nok har hørt og på magefølelsen min denne gangen, for det gikk veldig skeis. Spesielt under fellesøvelsane og lineføringa. Alt som hadde vert bra helga før, gikk på Dogs4All rett vest. Men ein ting er eg fornøgd med, og det er at ho gjennomførte fritt hopp over hinder! Best og sjå det positive på ting tenker eg, og legge alt det negative bak seg.

Men no er vi inne i eit nytt år. Og eit nytt år, betyr som oftast ein ny start med blanke ark. Nesten i vert fall.

Lydighet vurderar eg å legge litt på hylla, i vert fall konkurranse delen. Vi får sjå om eg for alvor startar innlæringa av dei nye øvelsane, eller kva som skjer.
Eg ønskar derimot og starte med rally – lydighet, og til våren blir det forhåpentlegvis kurs. Eg og ei venninne har funne ein ridehall som er billeg å leige, så vi tenker uansett å få laga RL skilt og trene på eiga hånd, kurs eller ei.

Utstilling er også noko som vil bli forkusert ein del på i det nye året, og målet, eller rettare sagt håpet, er og få meldt på til Dogs4All i november og at Hera blir juniorvinner.

Og lille madammen må også få kjørt seg på litt blodsportrening, men akkurat det trur eg ho kjem til å ta lett som ein plett. Ho har rasa seg gjennom eit slepespor eller to, etter hjort som har blitt skutt eller påkjørt, og når ho får ferten av vilt ute på tur, då er nasa i full fres!

Ho er forresten blitt heilt fin i foten sin igjen, og viser ingen teikn til halting lenger. Sjølv ikkje etter herjing eller tur i all snøen.
Men no har ho ei melketann som må trekkast, då den ikkje vil komme ut sjølv. Og så har ho starta med voldsomme av/på brekningar, der det stort sett ikkje kjem opp anna enn slim, om det kjem noko i det heile tatt. Ho eter jo på alt, og er fleire leikar og tepper som har blitt beslaglagt på grunn av tygginga og suttinga hennar, så mulig det kjem av noko slikt. Men sidan ho eter, drikker og driter som normalt, var det i følge veterinæren, ingen grunn til panikk.

Eg har nok ingen spesifikke mål med bikkjene for året, anna enn å ha det gøy og koste litt meir støv av kameraet.
Men som personlege mål, er nok målet å bli meir økonomisk og sette opp matbudsjett for og få meir oversikten over kor mykje vi faktisk brukar på mat i veka og månaden. Ellers blir det å ete sunnare, bli meir aktiv og gå på enda fleire fjell i år enn i fjor, og ta av nokre kilo og komme i betre form.
Skal seiast at det ikkje alltid er like enkelt å vere streng med seg sjølv i vekedagane når eg veit vi har søtsaker i hus, så viljestyrken får nok kjørt seg, til alt julesnopet er oppete! Det kan dog ta litt tid, sidan lørdagar er snopedagar. For min del i vert fall.


Ei julemus som var på besøk inne hos endene.

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *