Lydighet og kvalpeshow på Stord

På laurdag var det klart for nok eit lydighetsstevne for Catania, og Hera sitt første kvalpeshow. Men aldri før har eg vert borti ei meir rotete utstilling som ikkje har system i sakene sine.
Men til tross for alt rotet kan eg vel ikkje sei meg anna enn ganske fornøgd med helga.

I lydigheten gikk eg for Arild Berntsen, samme dommer som dømte på stevnet i Førde i vår, då alt gikk rett vest. Og det at det var tepper så ho faktisk låg heile fellesdekken gjennom for første gong, det var morro!
Litt surt at ho ikkje tok hinderet, sidan ho alltid gjer det på trening, uansett avstand, men men, shit happens.

Visning av tenner: 9 poeng
Forlot utgangsstilling og reiste seg opp.

Fellesdekk: 10 poeng
Ingenting og sei på den, gikk strålande!

Lineføring: 7,5 poeng
Veldig skeive holdtar og eg går veldig lutnakka og ser ned på ho heile tida, dommar ønsker at eg skal sjå meir opp. Men fikk skryt for kor godt samarbeid vi hadde ellers, så eg er strålande fornøgd med at ho gikk med så fin kontakt under nesten heile øvelsen.

Dekk frå holdt: 7 poeng
Veldig skeiv dekk og dobbeltkommando på oppsitten trur eg.

Innkalling frå sitt: 9 poeng
Teppet var dessverre såpeglatt, og fikk trekk fordi ho havna over 1 meter bak meg, men når eg ser på filmen ser eg at ho sklir bakover då ho ikkje klarte stoppe i tide. Men fikk ellers skryt for farten og at ho var så gira at ho spant i gang bortover.

Stå under marsj: 7 poeng
Gikk vel nokre skritt ekstra.

Hopp over hinder: 0 poeng
Sprang rundt, dumme tullehund!

Avstandskommandering: 7 poeng
Dobbeltkommando på oppsitten.

Heilhet: 8 poeng
Totalt: 145,5 poeng
Vart nr. 4 av 9 startande.

Og Hera, som gikk mot Ronja, som er nesten 2 veker eldre, vart faktisk BIR med fin kritikk!

4.5 mnd. Utmerket type og balanse. Utmerket hode og uttrykk. God hals og overlinje. Samlet kropp, meget godt hale oppsett. Velvinklet, meget god pels og farge. Valpe bevegelser, lovende.


To stykk slitne kvalpar som er lei av og vente.

Categories: Trening og stevner

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *