Tur til Smådalsnipa

På søndag gikk turen til Smådalsnipa i Naustdal med Inger Lise, ein herleg tur i strålande sol og eit par minus. Turen strarta ved Kleppstølen, og deifrå gikk det grusveg oppover til Stehoggestølen. Derifrå gikk det sti vidare opp til toppen.
Men når vi nærma oss toppen, var det satt opp fleire vardar av litt størrelse, så vi trudde vi hadde nådd toppen eit par gangar, men det viste seg sjølvsagt og vere feil, litt demotiverande når det er slik, men vi kom oss da opp.

På veg ned igjen, letta det ei rype som flaksa avgårde. I tillegg såg vi masse små spor over alt, men usikker på kva dyr dei kom frå.

Sidan Hera er «sjukmeldt» var Catania einaste firbeinte som fikk vere med på fjelltur, og ho storkosa seg! Fikk springe laus på delar av turen opp, kobla ho når det kom eit par turgåarar nedover igjen. Men så fikk ho springe laus nesten heile vegen ned igjen. Så det var en stykk kaldt, men fornøgd bruningen etter turen.


Toppen i sikte!


En stykk frysepinne måtte posere litt på toppen, før vi gikk ned igjen.


På veg ned igjen, utsikt ned mot Stehoggestølen.


Inger Lise og Catania, straks nede igjen ved Stehoggestølen.

Categories: Tur

1 comment

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *