Tur til Fauskevarden

Tirsdag betyr fri for min del, og sidan eg og mi gode turvenninne Birthe, hadde avtalt tur til Fauskevarden, var det berre å hoppe i turkleda og komme seg ut litt tidleg. Så rundt kl. 11 var vi ved parkeringa og starta gå.

Fauskevarden er eit av dei sju fjella i som høyrer til «sjufjellsturen» i Førde. Og med sine 853 moh. er det eit lettgått fjell med super utsikt over fjord og fjell på toppen. Vi brukte ganske nøyaktig 1,5 time opp i roleg tempo, og med en stykk kvalp som måtte takast hensyn til.

Veldig mange er heldige og møter på flokken med reinsdyr som held til oppover der, men sidan eg aldri har hellet med meg, har eg enda til gode og møte på dei. Kanskje like greit, sidan speilreflekskameraet fint fikk vere igjen heime.

14678129_10153967531747215_1019801253_o

Categories: Tur

1 comment

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *