Søndagstur til Viafjellet

Våkna til knall blå himmel og stor sol i dag, etter i overkant av ei veke med pissregn. Var dog ganske kaldt, 6-7 grader berre, og det hadde vert nattefrost.
Men dagen var planlagt for topptur med Birthe og Flipp, og så vart Tonje med sine to firbeinte med på tur også. Toppturen gikk til Viafjellet i Førde.

Ein noko bratt tur opp, med nokre få slakkare parti. Vi gikk i ganske jamnt tempo frå Soleide, og brukte nøyaktig 2 timar på dei 3 km opp til toppen. Då inkludert småpausar. Men på toppen vart vi belønna med ei nydeleg utsikt over Førde by.
Men det var ganske kaldt på toppen, så starta fort og fryse der. Dermed starta vi turen ned igjen relativt kjapt, etter at vi hadde skreve oss i boka og fått knipsa litt bilder.

Viafjellet Mini_2178

Viafjellet Mini_2181

Viafjellet Mini_2186

Viafjellet Mini_2188

 

Categories: Tur

1 comment

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *