Effektiv lydighetstrening

Sidan det ikkje er meir enn knapt halvannan månad til eg og Catania skal i ilden igjen, prøvar eg og få trent når mulighetene er her. Har fått til ein del trening i det siste, men då med mest fokus på enkelte moment, pirking og slikt. Så når ridehallen i dag var ledig, tok eg turen dit. Og som vanleg, hadde vi hallen heilt for oss sjølv!

Hadde i grunn ingen plan for treninga i dag, men sidan det er lenge sidan vi har hatt kjedetrening, trente vi på det. Tok nokre små kjedar til å begynne med, med kun 2-3 øvelsar. Siste kjeden vi tok før vi avslutta, vart litt lenger; kort lineføring, dekk frå holdt, innkalling, stå under marsj og hopp over hinder.

Lineføring:
Ein øvelse som alltid har vert «kjedeleg» der Catania dett litt fort av lasset. Har av den grunn trent veldig mykje på korte lengder. 1 skritt med kontakt = godbit. 5 skritt, 10 skritt, vendingar, holdtar, osv…
Så i dag vart det litt vanskelegare, med at vi tok heile øvelsen med taktskifte, holdtar og vendingar, men utan at eg drog den så langt som på eit stevne. Og det gikk overraskande fint faktisk! Ho holdt fin kontakt gjennom øvelsen. Hendte ho låg litt forran i det eg tok ein holdt, og dermed havna litt skeivt ut og måtte gå tilbake for og sette seg på plass. Heilt OK for min del, vi skal ikkje delta i noko elitenivå akkurat.

Dekk frå holdt:
Ikkje så mykje og sei her eigentleg. Sliter litt med at ho gjerne syns det er kaldt/ubehageleg og bli liggande, og at ho dermed ikkje ligg med albuane i bakken, men i dag var ho veldig flink på og ligge heilt nede. Pirka på ho ved ein anledning berre, men lurer på om det då kanskje berre var sanden i hallen som var veldig ujamn akkurat der.

Innkalling:
Det går unna her, som vanleg!

Stå under marsj:
Sliter litt med at ho går nokre ekstra skritt etter meg, så trente litt på det med godbitskål bak ho i dag, for ein raskare stå. Gikk veldig fint. Tok nokre skritt ekstra når eg satte sammen heile øvelsen mot slutten, men ho vart ståande veldig fint når eg gikk bak, og kom fint i fot når eg gikk inntil og tok ho med vidare.

Hopp over hinder:
På stevnet i vår sprang ho av ein eller anna grunn rundt. Men på alle treningane i ettertid, har øvelsen vert perfekt. Også i dag. Så har trent litt på forskjellige avstandar, og har hinderet i såpass høgde at ho i vert fall ikkje hadde fått det høgre på eit stevne.

Enkeltdekk:
Med ein fisefin frysepinne som ikkje likar å ligge på kaldt eller vått underlag, så er ikkje fellesdekk alltid like enkelt. I vert fall ikkje når vi er ute eller i ridehall, og det er på vinterhalvåret. Men har fått trent ein del på det med å bli liggande ei lita stund, med hyppig fôring på godbitar når ho ligger nede slik ho skal, så har det eigentleg gått veldig bra i det siste.
Så på enkeltdekken i dag, som var på nesten 2:30 minutt, låg ho fint nede heile tida. Gikk fram og gav godbit tre gangar i løpet av den tida. Så veldig fornøgd!

Trente hovedsakleg med avstandsbelønning i dag, med ei skål med godbitar i.
Men ein ting eg må prøve og trene meir på, er og få Catania til og følge meg litt betre mellom øvelsane. Ho har ein tendens til og tenke at «no er vi ferdig, tjohei» så går ho og snusar litt og er litt uopmerksom, fram til eg får ho inn igjen på plass. Då er ho «fit for fight» igjen.

Categories: Trening og stevner

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *