Nytt bilbur

I går var endeleg 3,5 vekers ventetida endeleg over!

Det enkle variocage buret som eg har hatt i bilen (og blitt veldig glad i) har blitt erstatta med eit nytt bur; nemleg eit dobbelt kelabur. Så no blir det litt enklare når vi skal ha med oss alle bikkjene ut på tur. Og forhåpentlegvis kan Catania og Hera dele avlukke etterkvart. Fenris er såpass stor, at han trur eg har brukt for plassen sin aleine.

No må eg berre prøve og finne ei smart løysing på oppheng av kobbel og slikt, vil jo ha det litt ryddig og oversiktleg. Er jo enkelte ting eg likar og ha liggande også, men det blir litt vanskeleg no, sidan eg brått ikkje har ekstra plass i bagasjerommet lenger.

skjermbilde-2016-09-28-kl-18-24-08

skjermbilde-2016-09-28-kl-18-24-22

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *