Trening fram mot stevnet

Catania er, som eg kanskje har nevnt tidlegare, meldt på til Fitjar-Stord hundeklubb sitt LP-stevne i november. Så av den grunn, prøvar eg og få inn ein god del trening, så vi forhåpentlegvis er noko lunde klare for vårt, muligens, aller siste LP-stevne.
Og etter det eg har fått med meg, er det samme dommar som dømte på stevnet i Førde i vår, der vi feila totalt. Så det her kan jo bli artig! Er heldigvis inne denne gangen.

Vi har klart og få med oss nokre mandagstreningar/sosialtrening på rad, så vi har fått trent ørliten grann på tannvisning. Syns ho har gjort det veldig fint der, med tanke på at der er masse forstyrrelsar, og fokuset fortsatt er på meg. Matmor er jo sjølvsagt verdas største godisbank. Trur ho sjølv i vert fall.
Til og med under sitt og bli på treninga, der eit par hundar sprang løpsk forbi bak ho i hundre-og-**** vart ho sittande, ein smule stolt over frøkna då, ja!

Dekk og bli (enkeltdekk, fellesdekk…) er noko vi har slitt litt med. Ho har gjerne ikkje lagt seg heilt ned, før eg har gitt ho ein dobbeltkommando, sidan ho syns det er litt ekkelt med våt/fuktig og kald bakke. Så har holdt fokuset litt der, og gått fram og tilbake for og belønne. Og på den korte økta vår i dag, fikk eg igjen for treninga. Trente på eit småfuktig gras, litt vind og ikkje det varmaste været, men ho vart faktisk liggande med albuane i bakken og ingen teikn til å skulle heise seg opp! Gikk litt fram og tilbake, så klart, men varierte tida litt.
Er så fornøgd altså!

Framover blir det å fokusere meir på stå under marsj. Det er stort sett OK, men til tider litt av og på, så trur ikkje det er så himla mykje som skal til før den sitter betre.

Categories: Trening og stevner

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *