Ei helg med mange nye inntrykk

Denne helga har bestått av enormt mange nye inntrykk for lille Hera, som kun er 12 veker gammal. På laurdag tok eg og Birthe turen til gaularmarknaden for og sjå om dei hadde noko spennande og by på, og sidan Catania, Hera og Flipp også var med i bilen, fant vi ut at vi skulle ta med dei to små når vi såg oss omkring ute, så dei skulle få ut litt energi.

På uteområdet til gaularmarknaden vrimla det av folk, store som små. Der var nokre få andre hundar, og der var eit tivoli midt på plassen, så det var mykje liv og røre. Men Flipp og Hera hadde nærmast kun auge for kvarande, og var ikkje påverka av alt det nye i det heiletatt.
Når vi møtte på nokon Birthe kjende, og slo av ein prat med dei, sto Hera og tilbydde «stå» som vi har trent litt på. Når muttern har godis, treng man ikkje bry seg om stort anna, nemleg. Ho gikk til og med litt «fot» med kontakt, på veg tilbake til bilen, gjennom alt bråket.

Etter marknaden, var planen eigentleg og reise til Skei for og gå opp til ein bre, men sidan klokka var blitt så mykje, fikk det holde med litt lydighetstrening med Catania og Flipp, etterfulgt av leik for Hera og Flipp, på barneskulen i Førde.
Vel heime seinare på dagen, var det med ein stykk sliten og trøtt kvalp.

leik-mini_1572

leik-mini_1581

leik-mini_1584

leik-mini_1589

leik-mini_1593

leik-mini_1594

leik-mini_1609

leik-mini_1610

leik-mini_1616

leik-mini_1622

leik-mini_1625

leik-mini_1626

leik-mini_1628

leik-mini_1630

leik-mini_1640

leik-mini_1653

leik-mini_1665

leik-mini_1666

leik-mini_1676

leik-mini_1687

leik-mini_1690

leik-mini_1714

leik-mini_1723

leik-mini_1747

leik-mini_1754

leik-mini_1773

leik-mini_1774

leik-mini_1736

oppstilling-hera-mini_1735

Og i går hadde brukshundklubben arrangert match-show, og det meldte eg Hera på til. Ho var yngst av alle kvalpane, og endte opp med og gå mot ein tilnærma ferdig utvokst Ridgeback. Kan vel av den grunn ikkje sei det er særleg rettferdig bedømming, sidan dei ikkje setter opp etter alder og tilnærma like rasar, men men… Hera rauk ut etter første omgang.

Men eg er ekstremt fornøgd med innsatsen hennar. Ho trava fint med kontakt, ho sto som den prinsessa ho er (dog litt vanskeleg og få ho til å stå akkurat der eg vil ho skal stå, men pyttsann, øvelse gjer meister) og brydde seg lite når «dommer» skulle klå på ho oppe på bordet.
Bord er ikkje noko vi har trent på, så halen datt litt der. Men no er ikkje elghunden ein bordhund heller då.

Hera fikk i tillegg hilst på hestane som var ved stallen, dei måtte sjølvsagt bjeffast på. Sett mange nye hundar og folk, derav ein stor St. Bernhardshund, som ho syntes var veldig stor og skummel! Første hunden eg har sett ho syns er skummel faktisk, men så er dei enormt store også då. Så vi får prøve og omgås dei litt på trening framover, så kjem det seg, vil eg tru.

Når match showet endeleg var ferdig (Flipp vant forresten kvalpeklassen, tjohei!), var det eigentleg planlagt å ha kvardagslydighetstrening med instruktør, men ein etter ein forsvant folk, så vi var ikkje så mange igjen på slutten. I tillegg var det sjukt varmt! Men det vart ei kort økt fordé, som eg og Catania var med på. Men eg merka at Catania også var passe sliten, både av alle inntrykka for dagen og varmen, for på innkalling blant anna, der ho pleier å komme som ei kule, var det så vidt ho ville trave.
Så godt og komme heim med to stykk slitne firbeinte i går også.

20160918_121027

20160918_121031

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *