Neste års utstillingsplanar

Syns alltid er er gøy når terminlista for neste års utstillingar og LP konkurransar blit offentleggjort på NKK sine sider. Veit den ikkje er 100%, men noterar meg likevel ned kva eg ønskar og melde på til.
Men om eg ikkje hugsar feil, så startar vel dei nye øvelsane i LP på nyåret? Spørst om ikkje vi retten og sletten skal prøve oss litt på Rallye Lydighet då.

Håpar utstillingane eg har satt opp for Hera stemmer, slik at vi kan melde på i nærområdet. Og kryssar fingrane for at lokalklubbens utstilling ikkje kræsjar med elgjakta!

15.04.2016: Klubben for Gårds- og Fjellhunder – Junior klasse, 9,5 mnd.
22.04.2017: NKK Bergen – Junior klasse, 10 mnd.
13.05.2017: NKK Ålesund – Junior klasse, 10,5 mnd.
25.06.2017: Jotunfjell-Fjordane Elghundklubb – Junior klasse, 11 mnd.
14.10.2017: Førde Brukshundklubb – Junior/Unghund klasse, 16 mnd.
11.11.2017: Fitjar-Stord hundeklubb – Junior/Unghund klasse, 16 mnd.
18.11.2017: NKK Lillestrøm – Junior/Unghund klasse, 16 mnd.

Categories: Trening og stevner

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *