Jakt EFIT

4. September 2016


9:30 – Lurer på om eg skal orke og stå opp. Sambuar er allerede oppe og gjer seg klar for fellesjakt.


10 – Sidan Catania var ute tidlegare, tok eg med meg Hera ut for og skifte vatnet til gakkane. Trur dei vart veldig fornøgde.


10:30 – Frukost og litt Sons of Anarchy


Sambuar kom plutseleg tilbake og ville ha meg med på jakt, så eg kunne vere med han og jage. Dermed utgikk alt av LP trening…


Mista fullstendig oversikt over tida, men her ventar vi på klarsignal frå dei andre, så vi kan starte og gå.


Så tussla vi avgårde oppover, bortover, gjennom skog og kratt. Var heldigvis fint vær 🙂


Komt oss på toppen og møtt resten av jaktlaget. Catania la seg faktisk ned, ho som ellers bør ha X-antall tepper :p


Utsikta frå toppen.


Når dei skulle starte jag nr. 2, tok eg med meg jentene heimover igjen. Ganske så sur pga retningen sambuar sendte meg i, eine på jaktlaget skjønte kvifor, for det går eigentleg ikkje an og gå der eg gikk nemlig. Hammar på hammar og rett ned dei fleste plassar…


Fant ein fin stubbe, då må jo kvalpemonsteret bli tatt litt bilder av.


Aldri gått her før, men nedover fører forhåpentlegvis heimover. Eller i det minste ned til sivilisasjonen.


Tjohei, straks ved bilvegen!


15- ish var det berre å starte plukkinga. Catania fikk siste bravectotabletten på grunn av det her, var nok på tide trur eg.


16 – Fått dusja, så slappe av med litt Sons of Anarchy igjen.


Skulle melde på til kvalpeshow… Vart påmelding til LP med Catania i staden for.


17 – Ei som våkna og måtte ut.


18 – Vi ventar på at sambuar skal komme heim igjen, han måtte ned og ta av låret vi skal ha frå dyret han skaut på fredag, før resten blir henta.


19:30- ish er sambuar i gang med middag. Vart Pulled pork asian style wok.


Tid for og gi gakkane litt fôr og godter.


22- ish var vi ute på kveldstur med heile bølingen, før det var leggetid.

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *