Sesongens første frislepp

Er fint og bu på ein plass med litt meir normale båndtvangstider enn i Førde, der det er ut oktober. Så 20. August var båndtvangen over for vår del her, så på søndag tok vi med oss heile bøtteballetten og tussla opp traktorvegen på oppsida av huset. Naboen har nokre sauer som går i området, så vi gikk oppover, til dit dei ikkje kan gå, sånn just in case. Så fikk Catania sesongens første frislepp!

Hera var superflink, og tussla fint etter oss på heile turen. Den lille elva som rener over traktorvegen lenger oppe her, som ho syntes var litt skummel å krysse første gong vi var der med ho, tok ho på strak pote på søndag. Og hindringar som felte trær var heller ikkje noko problem; først måtte ho prøve ete dei opp, men gikk ikkje det, var det berre å gå under eller klatre over.

Såg ut til at Hera syntes det var litt morro og springe etter Catania, men vart jo sjølvsagt litt vanskeleg for den lille pirayaen å halde følge.

Fenris tusla som vanleg i kobbel, men ikkje meir enn tre veker til han skal på elgjakt, så då får han strekt skikkeleg på seg i skogen etter elgen.

Spørst kva Catania seier til helga, om svigers kjem på besøk, med sin NEG kvalp på rundt 11- ish veker. Ho som ikkje er så fan av Hera eingong, for kvalpar er berre ekle, plagsomme greier nemleg.

Catania Mini_1017

Catania Mini_1023

Catania Mini_1030

Catania Mini_1037

Catania Mini_1044

Catania Mini_1111

Fenris Mini_1065

Hera Mini_0976

Hera Mini_1012

Hera Mini_1061

Hera Mini_1068

Hera Mini_1081

Hera Mini_1094

Hera sv Mini_1087

Categories: Tur

1 comment

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *