Fjelltur til Vindkjegla

Best og utnytte dei få finværsdagane vi har til og komme oss litt ut. Så etter frukost i går, reiste eg, Fredrik og Birthe + alle bikkjene ned på «Sanden-Søndag» i Naustdal for og sjå litt om det var noko spennande som skjedde der. Vi gikk eigentleg berre ein kjapp runde og såg i full fart, før vi gikk tilbake til bilane. God miljøtrening for Hera, var masser av folk, bikkjer og andre dyr der.

Turen gikk så vidare til Kringla, få kilometer utanfor Naustdal sentrum. Der kjørte vi opp til toppen, parkerte og gjorde oss klare for og bestige eit av dei tre fjella man kan gå derifrå, nemleg Vindkjegla.

Vestlandet er kjend for sine bratte fjell, og Vindkjegla er intet unntak. Det starta ganske bratt oppover, og med det steig høgdemeterane raskt og vi hadde fantastisk utsikt meir eller mindre heile vegen oppover.
På veg oppover, passerte vi både Kringlestølen og Mallasvikstølen, så då har eg to stølar som er sjekka av på lista mi. Kjekt og bli litt meir kjend i området man bur i.
Stigninga opp til Kringlestølen er nok definitivt den brattaste og tyngste på heile turen, men det gikk relativt kjapt og greit. Litt tyngre blir det jo også når man har ein liten, sliten NEG kvalp på armen. Men vi bytta litt på den bæringa.

Eit stykke over Mallasvikstølen fant Fredrik ut at han heller skulle sitte og vente med Fenris og Hera, sidan Hera var såpass sliten og trøtt. Så gikk eg og Birthe, saman med Catania og Flipp, opp til toppen. Vi måtte gå over ei steinrøys før vi kom til eit punkt vi nærmast måtte klatre opp, ikkje så veldig eigna for og komme bærande på ein liten kvalp der heller… Vel oppe derifrå, gikk stien lett vidare langs ein ganske bratt skrent, så der var det best og sette føtene riktig og ikkje snuble.

3,2 km seinare var vi på toppen, og til tross for at Vindkjegla kun ligg 688 moh., var der fantastisk utsikt. Men kva fjell på vestlandet har vel ikkje det?

14045259_10157232157660468_760898636_o

14074494_10157232158180468_204376906_o

14075170_10157232157930468_1259627724_o

14087369_10157232157850468_660266727_o

14087411_10157232157865468_21357151_o

14113822_10157232158115468_2060618224_o

14113851_10157232158010468_1379970565_o

14113867_10157232157780468_929582794_o

14114077_10157232157575468_2133658900_o

14123380_10157232158140468_775815508_o

14123416_10157232157970468_1491323948_o

14074937_10153833665222215_1769838579_o

14074990_10153833652072215_1188963308_o

14075005_10153833656092215_901833861_o

14087636_10153833667817215_1136734798_o

14113901_10153833653892215_533531630_o

14123543_10153833667282215_862751258_o

Categories: Tur

2 comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *