Hils på Hera

På søndag kom sambuar heim med Hera, eit lite nøste av ein Norsk Elghund Grå, på kun 7 veker. Trygg på alt og alle, og tek utfordringar på strak labb. Ei tøff lita frøken med andre ord. Sjølvstendig er ho også, og ser ut til å like og farte rundt på eventyr aleine, vi tobeinte er det ikkje så nøye med… Så det endar gjerne med at vi springer heseblesande etter når ho først setter inn eit ekstra gir.

Men eg har gløymd kor slitsomt det kan vere med kvalp. Ut med kvalpen der ho gjer både pumpel og pilt, inn igjen og i løpet av knappe 30 minutt inne, har ho på ny tissa minst to gangar. Wuhu… Enda godt det er lite som kjem ut.
Og eg må sei eg må ha vert bortskjemt med både Pia og Catania, for dei sov natta gjennom, kun ut grytidleg på morgonkvisten gjerne. Hera derimot, må gjerne ut ein gong eller to i løpet av natta, men ho gir heldigvis beskjed. Men det er godt vi bur på landet, så det berre er å hive på seg støvlar og valse ut i kun truse og t-skjorte på natta. Det er dog ekstremt morro når ho setter inn det ekstra giret på nattestid, når man går rundt halvnaken, slik ho gjorde gryande tidleg i dag. Haha!

Fredrik skal ha ho med seg på jobb framover, og dagen i går, som var første dagen hennar med han på jobb, trur eg gjekk greit. Ho hadde nokre periodar med bråking, men eller sov ho vel. Tenker eg får sende med tyggebein og litt godis.

I dag er det sol og fint vær, så får ta med kameraet ut og knipse litt skikkelege bilder av ho. Om det går, ho har jo skikkeleg makk i ræva, alt skal sjølvsagt undersøkast.

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *