Bildespam

Alt for lite aktivitet her inne for tida, men kan ikkje sei eg har hatt så mykje spennande på gang her. Ikkje har det blitt så mykje trening heller, for det har jo regna i bortimot heile sommar. Dei få øktene vi har fått til med lydighetstrening, har ho funka gull og gitt alt.

Frå neste veke av blir det muligens litt meir aktivitet her. I vert fall i bilder. Det kjem nemleg eit nytt familiemedlem i hus frå søndag av, gledar meg!

Her kjem ein aldri så liten bildespam frå den siste tida.


Tur til over Blåhølen, vi gikk litt feil. Ups!


Fikk litt betre utsikt når vi endte opp over Blåhølen, i staden for nede ved den.


Fortsatt over Blåhølen ein plass.


Rett over Blåhølen, skulle gått ned til høgre og ikkje opp til venstre. Men for usikta var det verdt absolutt verdt det.


Fortsatt over Blåhølen.


Fenris nekta å gå ut av buret til Catania, så då vart det sånn her. Litt trangt men…


Møtte på ein stor, tjukk huggorm på vår daglege runde etter jobb. Aldri sett huggorm før, så det her var ekkelt! Spesielt sidan eg vimsa rundt i mine eigne tankar, så Catania var til og med bort og snuste på den, før det gikk opp for meg kva det faktisk var. Gikk heldigvis fint, godt den var noko «sløv» pga. regn og kaldt ute.


Bestått mi første oppskyting, tjohei! Er liksom klar for jakta med det her, men… Trene, trene, trene.


You talking to me?


To våte kråker, på tur oppover mot Skogstadfjellet i går. Vi skulle liksom gå ein lett tur etter jobb, men så endte vi opp her. Snudde nedanfor siste, men tyngste, delen. Får gå på toppen når det er litt finare vær.


På ferietur til Fagernes i sommarferien. Catania tok livet heilt med ro, mens vi tobeinte jobba med trefelling og vedkapping.


Benytta nokre få godværsdagar til og trene litt lydighet igjen. Frøkna storkosar seg og er så gøy å jobbe med. Starta innlæring av ruta, ikkje at eg heilt veit kva eg driv med då.


Eg og sambuar prøvar og sykle litt meir med bikkjene. Her på 8km kveldstur/sykkeltur, Catania har blitt veldig flink til og «trekke» framover. Forståeleg nok, hjalp det å bytte til ein sele som ikkje gnog i armholene.

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *