Dagens EFIT

Tenkte eg skulle vere med på hundesonen sin EFIT i går, men glømte å ta bilder, så då vart det i dag i staden for.

08:00 – Catania vekte meg med pipinga si utafor soveromsdøra, så då var det berre å hive på seg nokre filler og tussle utom døra med ho. Gjekk å la meg igjen, men i det hodet traff puta, var eg alt for våken til å kunne sovne igjen.


9:00 -ish var morgenluftinga til bikkjene var ferdig, så det var på tide og få endene opp i hagen så dei kunne få frukosten sin.


10:00 – Birthe og Flipp sto opp, og sidan Catania syns Flipp er ein liten, ekkel og innpåsliten kvalp, så ho vart plassert i bur.


11:00 – Søte Flipp, dei gjer seg klar for og reise vidare.


11:30 – Endene fikk salatrestar etter gårsdagens tacokveld. Det falt i smak!


12:00 – Fått på plass hundeburet og alle tinga i nye bilen. Og Catania er klar for å vere med på kjøretur, tjohei!


12:30 – Slappar av med ein episode av Devious Maids og Pretty Little Liars.


14:00 – Kjørte ned på skulen for og trene litt LP, alt for lenge sidan sist. Bruningen syns det var stas.


15:00 – Endene fikk nytt badevatn, men himmelen opna slusene, så fikk kun fylt opp den eine baljen før eg sprang i hus.


16:00 – Kloklipping.


17:00 – Kjapt ut på tissetur med bikkjene. Catania syntes ikkje noko særleg om den idéen.

18:00 – Sidan sambuar gjekk for å legge seg nedpå litt, satte eg på ein episode av The night shift etter tissetur i regnet.


19:00 – Fått liv i sambuar igjen og slept han med meg på butikken. På tide med noko middag.


20:00 – Sidan vi ikkje hadde tatt opp verken hjort, elg eller kylling frå frysen, vart det Pulled pork.


21:00 – Middagen var ferdig, så då var det å hive på ein film og kose oss.


22:00 – Vert skikkeleg sugen på jordbær dei siste dagane, så tok med meg ei korg når vi var på butikken. Så då vart det dessert.


23:00 – Eg sovna, og våkna til Catania som lurer på om det snart er på tide med litt fôr. Vart litt seint i dag gitt!

24:00 – Eg har rydda, fått alt i oppvaskmaskina og gjort det klar for start til i morgon tidleg, mens sambuar er ute med bikkjene og har fått i oppdrag å ta inn endene for natta.

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *