Vår lille andefamilie

Tenker det kanskje er på tide og introdusere alle for min lille andefamilie som vi var og henta forge søndag. Då var vi nemleg ein tur innom Askøy og plukka med oss fem små Pekingand kyllingar på rundt 3 veker, når vi var på veg heim igjen frå Bergen.

Dei var lite håndtert og syns nok vi var veldig skumle. Sprang vekk når vi kom inn i «hønsehuset» her nede i løa til dei. Men no, etter å ha vert innom dei fleire gangar dagleg, håndfôring, snakking og møkking rundt dei, så har dei blitt ganske så tamme på relativt kort tid.
Spesielt når dei er sultne, kjem dei springande mot døra med ein gong dei hører eg kjem, og dei et flittig av hånda mi. Det er fortsatt litt skummelt å bli klappa på, men det går seg til for kvar dag som går. Når eg skal ha dei ut, har dei blitt enklare å få plassert i transportburet. I dag gikk faktisk sistemann inn i buret heilt av seg sjølv, utan noko særleg om og men.

No når det er så fint og varmt ute, tar eg dei ut i ein kompostbinge vi har i hagen der dei har masser av friskt gras, gildebalje med vatn og fôrskåla si med litt mat. Sommarhuset deira er snart ferdig, manglar kun å få malt ferdig taket og festa det + sage ut dør og sette opp gjerdet, som eg håpar vi skal få gjort til helga, og då har dei masser av uteplass dei kan kose seg på.
På nattestid blir dei enda satt inn, så dei har tilgang til varmelampe, sidan dei kun har dun enda. Men er vel ikkje så lenge til fjæra er på veg? Alle har i vert fall blitt veldig kvite, er ikkje noko særleg med den gule kyllingfargen igjen lenger.

Dei har vokst i rekordfart sidan dei kom hit, for litt over ei veke sidan. Dei er nokre matvrak utan like og får mat 3 gangar dagleg, så blir litt usikker på om dei kanskje får litt for mykje? Dei meinar i vert fall at alt er verdt og prøvesmake, som til dømes vannslangen når eg fyller opp baljen deira, mobiltelefonen når eg tar bilder, sko, bukse, etc…
Men dei er nokre artige små troll, det skal vere sikkert og vist!

Meir bilder og film kan sjåast på instagram @Sikvax

Categories: Andefamilien

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *