Atferdsendring

Catania har i grunn aldri vert ein grei hund når det kjem til det med og vere heime aleine. Spesielt ikkje etter at ho vart aleinehund. Men så kom min sambuar og Fenris inn i bildet, og ting starta med og gå bedre. Mykje bedre faktisk. Så bra at eg gjerne kom heim til ei leilighet som var like strøken som når eg reiste på jobb, og ei frøken som gjerne var roleg om ho møtte meg i døra.

Men så flytta vi og ting forandra seg. Ho starta dryppe urin (starta forsåvidt før flyttinga då), og til tross for at ho frå før av er vandt med og sove i bur på nattestid, tissa ho i buret i løpet av natta og satte i eit hel****** spetakkel gryande tidleg på morgonkvisten. Alt i frå klokka var 05 til 08.
Ikkje berre var det forandringar der, men ho starta opp igjen med tissinga på golvet si når ho og Fenris var aleine heime.

For eit par veker sidan, når eg kom heim, vart eg positivt overraska. Eg kom heim til eit hus som var like strøkent som når eg hadde reist på morgonkvisten. Ingen tissedam på golvet! Heller ikkje dagen etterpå var det tiss på golvet. Så kom det kanskje ein dag der vi fant ein dam, og så over til dagar der alt var fint igjen.
Yes, endeleg har problemet begynt og snu!

Det varte fram til torsdag i forge veke.
Catania er ein tyv utan like, og ho eig ikkje magemål. Ho stjel nett det ho kjem over, enten det er bra eller ikkje. Mat er mat, så lenge det er etande. Eller, det treng vel kanskje ikkje vere så etande heller i følge ho sjølv… Uansett, til tross for at eg er særs påpasseleg med og rydde vekk ting, så ho ikkje får tatt noko når ho er aleine heime, så kan man til tider ha ein glipp. Dessverre.
Når eg kom heim etter ein passe lang arbeidsdag, var eg mest frista til og snu i døra av synet som møtte meg.

Først trudde eg ein av bikkjene hadde vert laus i magen, for det såg verkeleg sånn ut. Men så oppdaga eg nugattiboksen, som i utgangspunktet var over halvfull, ligge slengt og passe ihjeltygd i sofaen. Saman med ein lass oppkast. Brunt, slimete oppkast.
BiaBed hundesenga var full i oppkast, så Agria trekket som var utapå kasta eg. Dobbeltburet er satt ut for spylings, to tepper og ei pute er vaska, to puter er kasta, sofaen måtte demonterast og vaskast. Golvet måtte vaskast… Til og med høgt oppe på eine persienna var det komt oppkast!

*Note to self; plasser nugattien i skap heretter*

Men etter heile Nugattihendelsen, har ho starta gå på kjøkkendisken, noko ho aldri har gjort tidlegare (kun hatt framlabbane på disken). Er spesielt den eine, lille benken der vi har vannkoker og kaffitrakter. For på mandag hadde ho vert der og kost seg. Funne ei skål med agria-drops + filterkaffi (begge deler har stått der sidan vi flytta inn) som låg strødd. Kaffikanna til traktaren hadde havna på golvet, mest sanynleg har Catania fått den i hodet, for ho hadde fått seg ein blåkul. Kanskje derfor den ikkje knuste? Pjuuh.
Og berre så det er sagt; filterkaffi + ullpledd er ingen god kombinasjon…

Så då sitter eg her og klør meg frustrert i hodet. Kva kjem denne atferdsendringa av? Og kvifor i all verden har ho brått starta med og hoppe opp på kjøkkendisken, som ho aldri har gjort tidlegare i sitt 3,5 år lange liv? Og korleis får eg endra på det, når det skjer i eit tidsrom der ingen andre enn bikkjene er heime?

Categories: Catania

2 comments

  • Lill-Iren

    Har du prøvd adaptil i forbindelse med flyttingen? Det kan sikkert fungere bra. Og så har hun det kanskje bedre med et mer begrenset område siden hun muligens føler seg uttrygg nå i starten?

    • Catania

      Ja, har brukt adaptil. Ho har tidlegare ikkje hatt noko særleg påverknad av det, men vi har da prøvd her også i det minste. Overser ho når eg kjem heim, så ho stort sett ganske roleg når eg er heime igjen. Men trur ikkje ho føler seg så veldig utrygg heller… Før gjekk ho jo og dilta etter meg, og passa på når eg var på f.eks. kjøkkenet eller andre plassar. No går ho heller inn i stua og legger seg, utan at ho har nokon mulighet for og sjå meg derifrå.
      Går fint opp i 2. etg. og legger seg på morrakvisten etter frukost osv…

      Litt vanskeleg og begrense området når det kun er dør mellom gangen og stua (som blir 1 og 2 etg. kort fortalt). Badet eller vaskerommet blir alt for lite igjen, og bur likar ho ikkje på dagtid. Er opa løysing over alt her ellers :p

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *