Årets første LP – fiasko

Til tross for at vi ikkje har komt oss på mandagstreningane etter at vi flytta (20 minutt heim for å hente hund og 20 minutt tilbake til Førde i løpet av ein knapp time, etter 9t på jobb er litt stress…) og heller ikkje har fått med oss LP-treningane pga. jegerprøvekurs samme kveld, har det med andre ord blitt frykteleg lite LP-trening i løpet av året. Men ho har vert veldig «på» på dei få treningane vi har fått til aleine.
Men til tross for det, meldte eg Catania på til årets første LP-stevne i dag.

Var ille spent på vær og vind, men til tross for at vi sto opp til eit par cm nysnø på morgonkvisten i går, så våkna vi i dag til blå himmel og stor sol. Men med eit par minusgrader.
Vi ankom stevneområdet tidleg og tok morgenturen der. Eg var grisenervøs, og på oppvarminga var ikkje Catania noko særleg gira. Ho var litt av/på.
Tenker vi får ta det heile som trening.

Men uansett; stevnet gjekk mildt sagt rett vest, på det stadiet at det nesten er litt flaut 😆

Visning av tenner – 9p
Blir ikkje sittande, hoppar på dommar og gir han eit lite bjeff.

Fellesdekk – 0p
Vi stod over denne pga. kulden og fuktig gras.

Lineføring – 5p
Snuser og følger ikkje med.

Dekk frå holdt – 0p
Følger bedre med på foten, men legger seg ikkje skikkeleg ned. Sitter nesten oppreist på veg tilbake. Ikkje greit når det er kaldt og vått gitt.

Innkalling – 9p
Sitter fint, super fart inn, men kjem som vanleg litt for langt bak ved innkomsten.

Stå under marsj – 0p
Ho sto til slutt, når ho først stoppa. Snudde seg vel også når eg var på veg bak.

Fritt hopp over hinder – 0p
Overraskande nok, sprang ho rundt. Den var skuffande, sidan ho har vert så utruleg flink her.

Avstandskommandering – 5p
Vanskeleg og få skikkeleg ned i dekk og utruleg nok vanskeleg og få opp igjen i sitt. Gav dobbeltkommando.

Heilhetsinntrykk – 7p
Poeng – 73

 

Håpar vi kjem mykje sterkare tilbake i juni. Så sant ikkje løpetida har starta då.

Categories: Trening og stevner

2 comments

  • Lill-Iren

    Uff så kjedelig… Heldigvis er det mange stevner igjen i år 🙂
    Jeg var også påmeldt, men siden Sara er sykemeldt pga ryggen tok vi ikke turen. Jeg er så lei av LP og uendelig mange treningstimer og motivering, at jeg har lagt til side hele sporten. Har innsett at det er mange andre morsomme sporter å drive med som ikke krever at hunden er 100% fokusert, konsentrert og topptrent for å prestere. Men men, får se om jeg savner det… 😉
    Nå er det agility, jakt, rally-lydighet og blodspor som er i fokus for oss i 2016 🙂

    Masse lykke til videre 🙂

    • Catania

      Ja, eg tar det uansett med ein smil og tenker heller på det som ei veldig dårleg treningsøkt 🙂
      Kan vere greit og prøve ut litt andre ting også, så man får variert litt. Her blir det rally-lydighetskurs om ikkje så alt for lenge, så får vi prøvd ut det også. Og sjølvsagt blodspor igjen, og håpar lysten hennar på det er tilbake 🙂

      Masse god bedring til Sara! 😀

Legg igjen en kommentar til Lill-Iren Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *