Full fart i hundegården

Sidan det var opplett i går og vi skulle pakke noko isolasjon i plastikk og få det frå bilen og ned i kjellaren, tok vi med oss bikkjene ut. Catania vart plassert ut i hundegården, mens Fredrik lagde til ein løpestreng til Fenris, så han kunne gå der.

Når vi var ferdig med isolasjonen fant eg fram kameraet og Fredrik tok sjansen på og sleppe Fenris ut i hundegården også. Men då med GPS – halsbånd i tilfelle han skulle klare og bryte seg ut ein plass. Gjerdet er greit nok, men står litt på «halv åtte» enkelte plassar, og er i tillegg litt lavt for han.
Så vi skal få opp eit høgre og sikrare gjerde etterkvart, så Fenris kan få vere der og herje rundt meir også.

Men det var tydeleg at Fenris syns det var stor stas med litt frihet og virkelig kunne få strekke skikkeleg på beina. Catania syntes nok også det var morro at han fikk komme ut, for då var det raskt å invitere til leik.


Catania i angrepsposisjon :p

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *