Tilbake til steinalderen

Etter at vi flytta inn i huset, har vi gått tilbake til steinalderen. Sånn nesten i vert fall. Ingen internett fram til no, på grunn av diverse bajs som enda ikkje er i orden, derfor blir mobilt breiband redninga der. TV kanalar har vi slitt veldig med, men no som vi endeleg har fått det til sånn noko lunde, så er det noko galt med kabelen som går frå antenna til tv’n. Så for og sjå tv, må vi koble til ein anna kabel og ta den direkte inn stuevinduet og i tv’n. Og det har ein tendens til og bli litt kaldt då…

Men sett vekk i frå det, så er det ganske fantastisk her. Utsikta er fantastisk, vi har sol heile dagen, stor boltreplass for bikkjene (enn så lenge Catania, sidan det kun er ho som kan gå laus), og mange turområder som enda ventar på og bli utforska.

Ellers har det vel ikkje skjedd så innmari mykje her. Catania starte dryppe urin igjen, og «tissa på seg» på nattestid, så då vart det ein tur til veterinæren med urinprøve og for helsesjekk. Då fant dei ikkje noko unormalt med urinen, som forge gong med mykje slim på toppen etter sentrifugering.
Dei ville undersøke litt ekstra, og tok derfor ei blodprøve også. Til slutt vart ho satt på vekta, og skalaen der var ikkje så positiv. Til tross for at ho har fått i underkant av 400 gram VOM om dagen for og få ho opp i vekt, har ho kun gått ned.
Ho vog ikkje meir enn 10,5 kg… Så fikk eit høgenergifôr med mykje feitt som ho skulle få, og i løpet av 2 veker hadde ho gått opp heile 2,1 kg, hurra!

Så no ser ho veldig fin ut, med sine 12,6 kg. Og så har vi gått tilbake til og fullfôre på VOM igjen, og håpar ho klarar og holde vekta. Får gå innom veterinærkontoret for vektkontroll med jamne mellomrom i år, for og passe litt bedre på.

Og så har Catania og Fenris starta leike enda meir, etter at vi flytta hit. Er spent på korleis det blir når vi har fått satt opp nytt gjerde på uteområdet til bikkjene, om det blir leik og morro der også. Men først må vi vente til all snøen og telen har forsvunne.

Eg har også meldt Catania på til eine LP – stevnet som skal vere i Førde i April. Så då er det berre å krysse fingra for at det i år skal bli sol og fint vær, i motsetning til dei to forge åra; då har det nemleg regna og eg har kun endt opp med økonomisk støtte i staden for å faktisk delta.

Categories: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *