På tur over islagt vatn

Best og nyte dei siste dagane med kulde og snø, så då vart det tur med Tonje og bikkjene i dag. Vi kjørte opp til Bekkjavatnet, der vi parkerte og gjekk langs kanten og heile vegen rundt på det islagte vatnet.
Det var nokre skigåarar der, nokre få skøyteløpere og turgåarar. Og på ein og anna plass, var det folk som hadde satt seg ned for og grille litt, på land vel og merke.

Var veldig fin trening for Catania, som ellers ikkje er så vant med skigåarar, så når det var nokon som nærma seg, kalla eg ho inn og gjekk med ho på sida av meg. Null stress, og ho brydde seg fint lite om dei som gjekk forbi.

Når vi hadde gått litt over halvvegs på første langsida av vatnet, var det ein som slapp Husky tispa si, så ho skulle få komme bort og hilse på bikkje våre. Utan og spør om verken det eine eller andre. Gjekk heilt fint det, einaste problemet var at ho hadde løpetid, og Felix og Blaze er to hannbikkjer… Ikkje akkurat det smartaste trekket han gjorde, med tanke på at ho sto fint i ro mens Felix hoppa på. Eigaren fikk litt småpanikk då, ja.
Har man løpetispe, så har man dei i bånd.

Mot slutten av turen, møtte vi på ein Gordon Setter. Men den gadd ikkje Catania bry seg med, og holdt seg nærme meg sidan eg hadde bedt ho om det. Veldig positivt overraska over at ho ikkje ein gong gjorde teikn til å ville gå bort for og hilse, og det er veldig herleg.
I bånd er ho jo reine møkkakjerringa når vi møter på andre bikkjer.

Sånn ellers, så fikk ho gå med «potestrømpene» sine i dag. Er første gong ho brukar dei skikkeleg. Prøvde dei på tur i fjor, men då nekta ho og gå eit skritt, sjølv når vi var ute. Men i dag gjekk det veldig fint.

Tonje Mini_9019

Tonje Mini_9020

Tonje Mini_9024

Tonje Mini_9036

Tonje Mini_9037

Tonje Mini_9044

Tonje Mini_9053

Tonje Mini_9059

Tonje Mini_9062

Tonje Mini_9065

Tonje Mini_9067

Tonje Mini_9068

Tonje Mini_9095

Tonje Mini_9100

Tonje Mini_9102

Categories: Tur

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *