Vi har kjøpt oss småbruk!

Naustdal Mini_8995
Utsikten frå huset.

Eg og Fredrik har i lang tid vert på jakt etter eit hus. Enebolig, eller aller helst; eit nedlagt småbruk. Vi har vert på fleire visningar, og vert med på ei budrunde eller to. Men utan hell.
Men før julafta, bladde eg raskt gjennom lokalavisa og såg gjennom annonsene. Der var ei lita annonse, og det var på eit nyrenovert småbruk. Tenkte for meg sjølv at det sikkert var prisa over det vi har råd til, men kva skadar vel ein telefon?

Eit par dagar seinare ringte eg til han som skulle selge småbruket. Fikk taksten tilsendt på mail, og vi fikk komme på visning. Då var det i grunn gjort. Prisen var godt innafor, der var laga til for bikkjer med stort inngjerda område, stor hundegård med tak ute, fleire mindre hundegårder inne i fjøsen/løa, laga til for bikkjer i kjellaren på sjølve huset, and you name it. Der er til saman rundt 54 mål, då inkludert med jorder og litt skog.
Så vi snakka med banken og fikk lagt inn bud. Og på tirsdags ettermiddag kom meldinga; vi skulle få kjøpe småbruket!

Naustdal Mini_8980
Frå den lille, kvite bygningen ein ser oppe til høgre og heilt rundt til den lille løa, er det gjerda inn. Så stort og fritt uteområde for bikkjene! Må settast opp nytt og høgre gjerde, så Fenris ikkje hoppar over.

Det blir jo sjølvsagt litt annleis og kanskje litt uvant. Men eg trur det positive veger godt opp for det «negative». Her vi bur no, tar det knappe 4 minutt med bil ned til jobb. Skulle bilen streike på vinteren, er det ikkje verre enn at man kan ta sykkelen eller beina fatt. Man kan også gå ned til sentrum, om ein skal på shopping eller fest og ikkje skal bruke bilen.
Her er naboar vegg i vegg, og under oss. Enkelte er ikkje så stor fan av bikkjer, så ein må alltid tenke på at dei ikkje skal vere til ei plage på den eine eller andre måten. Enten det er pels i hagen eller bjeffing.

Ved småbruket tar det rundt 20-25 minutt og kjøre inn til Førde, og det er cirka 9 km til ein stor matvarebutikk.
Der er ingen naboar på den eine sida av huset (eller der bur vel sikkert nokon lenger oppe i dalen), men det er rundt 140 meter til nærmaste nabo på den andre sida. Så der slepper vi å ta så mykje hensyn til naboane, einaste er og vere litt påpasseleg på spesielt sommarstid, på grunn av sauer i nærområdet.
Og sist, men ikkje minst, så kan eg opne døra og la Catania gå ut som ho vil. Sjølvsagt mens ein av oss er ute og passar på.

Naustdal Mini_8978
Nærmaste naboen vi har, når vi flyttar inn. Jordet som er på denne sida av gjerdet, blir det vi som eig.

Så no har eg ein heise jobb, nemleg å selge leiligheta mi. Tenker å selge den sjølv, så håpar det går i boks veldig raskt, så vi slepper og sitte på begge deler så lenge.
Januar er vist den store skilsmissemånaden også, så det er vist eit perfekt tidspunkt og selge på, i følge pappa. Hehe! Men dei einaste henvendelsane eg har fått til no, er spørsmål om leiligheta er ledig for leige. Så eg klør meg litt i hodet over at enkelte ikkje forstår forskjellen på «til salgs» og «til leige».

Stue Mini_8941
Nokon som ønsker å kjøpe ei lys og triveleg leilighet i Førde?

Innflyttingsdatoen i huset, blir rundt 1. Mars, så det er litt tid enda. Men vi har allerede begynt og huke tak i pappesker på jobb, så vi har noko og pakke ned i. Har forøvrig så vidt starta pakke ned i småplukk som vi ikkje har bruk for. Som til dømes alle kokebøkene våre, så det vart brått litt større plass på kjøkkenet.

På bruksbygningen, eller løa, om du vil, så er der litt og gjere. Kledning og tak må skiftast, pluss at etasjeskille er fukt og råteskada. Men vi får prøve og gjere det noko lunde billig; rive av kledning og tak, for så og hive opp plater. Og så er det veldig greit at faren til Fredrik er tømrer, og forhåpentlegvis har ledig tid når han ikkje er ute på jobb på platform. Så han fiksar nok etasjeskille, om vi får tak i materiale.

Så blir det også og få satt opp ein garasje. Der er allerede laga klar tomt for det, sidan dei som selger, har hatt planar om det. Så til neste vinter, kan forhåpentlegvis bilane stå innandørs.

Naustdal Mini_8977

Naustdal Mini_8996
Stor hundegård, delt i to på midten. Håpar den blir ståande igjen.

Og når man då først har kjøpt seg eit lite småbruk, så er eg inne på tanken om at vi kanskje kan skaffe oss nokre høns med tida. Der er meir enn stor nok plass for det, både inne og ute. Einaste problemet er vel det at eg har null, niks, nada kunnskap om den slags dyr.
Det viktigaste er at dei legger egg, men er sjølvsagt ein stor fordel om det er trufaste og håndterbare høner.

Naustdal Mini_9001
Dei som selger, har høner her. Inneplass innafor døra. Men eg tenker å rydde litt på det inngjerda området der, fjerne langsida av gjerdet som er nærmast døra, og heller gjerde over grusvegen og inn mot murveggen. Med ein port, så ein kan gå inn frå høgre i bildet. 

Så dette trur eg kan bli bra. Enormt stor boltreplass for bikkjene, og Fenris kan endeleg gå laus på eit inngjerda område. Blir nok god for han og endeleg få strekke litt på beina.
Her er turområder både oppover og nedover, skimuligheter, skytebane for min kjære, muligheten for å sette opp reveåte, kanskje muligheten for hjortejakt, osv…

Så eg gledar meg enormt til vi har fått flytta inn!

Categories: Ukategorisert

5 comments

Legg igjen en kommentar til Mali, Kina & Beate Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *