I skog og mark

Etter ei kort helg på hytta, kjørte vi innom mormor og besten på veg heim igjen på søndag, for og levere tilbake hyttenøklane. Og når vi først var i området, drog vi med oss begge bikkjene til skogs. Vi fulgte for det meste hjortetråkka som gjekk oppover.
Sidan kuldegradene har komt, så var det veldig greit og gå, sidan alt faktisk var tørt.

Catania fikk rast godt i frå seg i terrenget, for ho gjekk laus i frå vi gjekk ut av bilen ved huset, og til vi kom ned igjen på eine jordet, ein times tid seinare.

Og utruleg nok gjekk eg ikkje og maste på Catania, slik eg ellers har for uvane og gjere. Ho holdt seg fint i nærleiken, og kom inn både titt og ofte for og passe på at vi faktisk holdt følge. Men hadde nok vert greit om ho hadde fått seg ei lita bjelle, så hadde eg hørt kvar cirka kvar ho er. For ho går lett i eitt med naturen, og forsvinner raskt bak ei busk eller ein haug.
Men så langt, er det greit ho kjem inn for ein liten «sjekk».

Redalen Mini_8849

Redalen Mini_8855

Redalen Mini_8868

Redalen Mini_8872

Redalen Mini_8884

Redalen Mini_8888

Redalen Mini_8893

Redalen Mini_8904

Categories: Tur

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *