Morro på jordet

Sidan eg har fri kvar tirsdag, prøvar eg og bruke dei dagane til litt ekstra Catania – tid. Enten ved og gå ein god tur, frislepp, mental-/miljøtrening eller sosialisering. Men i lang tid, har det vert eit skikkeleg møkkavær. Eg er sjølv ikkje glad i og gå tur i slikt vær, og Catania absolutt hatar det. Ho setter seg ned i trappa og må slepast vidare.

Men no tirsdag som var, tok eg meg ein tur på besøk til ei venninne. Ho har ein labrador med namnet Tiko, og sidan begge bikkjene går så fint ilag, fikk Catania vere med. Så fikk begge to sosialisert seg litt, og Catania fikk trimma Tikoen litt.
Dei fikk herje litt rundt med det samme eg kom, men sidan begge småjentene satt inne aleine, gjekk vi inn igjen etter nokre minutt.

Catania er overhode ikkje vant med ungar, men eg likar måten ho er på rundt dei. Ho er var på besøk hos, har to jenter i alderen 0 til 2 år. Yngstemann skjønar jo ikkje stort, men eldstemann har ein tendens til og sette i eit grisehyl når Catania er i nærheten. Og det til tross for at ho sitter i høg stol, og Catania kjem roleg og lograr med heile seg, og vil berre hilse.
Ei stund etter at 2 åringen var plassert på golvet og hadde fått ein yoghurt, fant ho ut at det var gøy å fôre Catania med litt. Så ho fikk seg ein ny bestevenn, hehe!

Når begge jentene var lagt for ein ettermiddagskvil, tok vi oss ein liten tur ut med bikkjene igjen.

Linda Mini_8588

Linda Mini_8599

Linda Mini_8601

Linda Mini_8602

Linda Mini_8604

Linda Mini_8605

Linda Mini_8614

Linda Mini_8620

Linda Mini_8631

Linda Mini_8633

Linda Mini_8636

Categories: Catania

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *