Sesongens første melisdryss

På laurdag kom det eit aldri så lite melisdryss frå oven. Og sidan det fortsatt var kaldt, kvitt og fint ute på søndag, tok vi oss ein søndagstur rundt flyplassen med bikkjene. Catania fikk springe laus og herje på som ho ville.
Men eg merkar at eg må lære meg og stole meir på ho. For kvar gong vi møter på folk ute på tur når ho går laus, blir eg litt småstressa, for tenk om ho brått skal springe bjeffande mot dei som kjem gåande? Eller gå bort til nokon som er livredde for hund? Veit ikkje heilt kvifor eg tenker slik, for ho har jo faktisk ikkje ofra forbigåande eit einaste blikk på dei siste turane der vi har møtt på folk.

Blir også litt småstressa om vi skulle møte på andre hundar. For sjølv om Catania bryr seg nada om andre bikkjer på trening, så kan ho vere ei «møkkakjerring» når vi passerar andre hundar på tur i bånd.
Og på søndag møtte vi på ein hund, utan at eg fikk det med meg; Vi nærma oss vegskille der vi går gjennom tunet på ein gård, så eg ropte ho til meg for og holde ho nærmare til ho skulle koblast til båndet. I det ho kjem mot meg, hører eg brått ein hund bak meg starte å bjeffe. Såg ut til at Catania vurderte der, men så kom ho til meg i staden for.
Fikk på ho båndet og vi fortsatte siste resten av turen, og ho brydde seg nada om bikkja bak. Passe stolt av lille frysepinnen min då, ja!

Kameraet var, overraskande nok, med på tur. Så snurr foto;

Flyplassen Mini_8432

Flyplassen Mini_8435

Flyplassen Mini_8462

Flyplassen Mini_8469

Flyplassen Mini_8474

Flyplassen Mini_8475

Flyplassen Mini_8477

Flyplassen Mini_8494

Flyplassen Mini_8500

Flyplassen Mini_8502

Flyplassen Mini_8504

Flyplassen Mini_8515

Flyplassen Mini_8520

Flyplassen Mini_8521
G
ir meg «blikket». Sitte på ein liten, kald stubbe du liksom!

Flyplassen Mini_8524

Flyplassen Mini_8546

Flyplassen Mini_8554
F
ikk med oss solnedgangen også.

Flyplassen Mini_8563

Flyplassen Mini_8566
I
kkje alltid like enkelt å ta bilder av begge to ilag :p

Flyplassen Mini_8571

Flyplassen Mini_8578

Categories: Tur

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *