Årets første LP stevne

I dag var det duka for mitt og Catania sitt første, og einaste, LP stevne. Er eit heilt år sidan sist, og eg kan vel mildt sagt sei at eg var ein god dose nervøs.

Kjørte opp til området tidlig og var der litt over kl. 8 så eg kunne ta morgenluftinga der. Etter luftinga heiv eg ho inn igjen i bilen, fant fram stol og kamera, og så var det berre å vente litt.
Når det ikkje var lenge igjen til fellesøvelsane, tok eg Catania med meg inn i hallen og prøvde å trene litt dekk og kontakt.

Etter fellesøvelsane heiv eg ho i bilen igjen, og lot ho ligge til nr. 2 hadde starta. Då tok eg ho ut så ho skulle få tisse i full fart. Trente så litt kontakt og lineføring, som gjekk rett vest, før eg til slutt fant fram kaninfilla for og gire ho opp litt.

Har sett litt tilbake på poenga frå i fjor, og med tanke på at vi kun har 1,5 poeng meir i år enn i fjor, så ligg vi ganske jevnt. Men poenga i år, er betre enn fjorårets. Forskjellen er berre at i fjor, så klarte vi fellesdekken.

 

Tannvinsing: 9 poeng
Ho trakk seg litt unna, men gjorde ellers ein fin jobb. Har mykje og sei på typen dommar også, tenker eg. Ho her var ganske rask, og det likar vi.

 

Fellesdekk: 0 poeng
Fikk kommandert ho ned i dekk, men når eg snudde meg etter å ha gått i frå, såg eg at ho ikkje låg heilt skikkeleg nedi. Ho låg uroleg og trykte litt, la seg heilt ned når ein i gruppa sa «nei» til bikkja si for å ha reist seg og starta gå.
Satte seg etterkvart opp, og satt noko uroleg, før ho reiste seg og gjekk sakte mot meg rett før det var gått 2 minutt.
Men her hadde eg ingen forventningar overhode, var heller slik at eg vurderte å droppe fellesdekken.

 

Lineføring: 8,5 poeng
Syns ho gjorde ein fantastisk fin jobb her, til tross for skeive holdtar. Har jo slitt litt med at ho syns det blir grusomt kjedeleg og halde kontakten under lineføringa, men har jobba ganske nøye med den i det siste. Og den jobben har vi fått igjen for her i dag. Så tipp topp, tommel opp!

 

Dekk frå holdt: 7 poeng
Ho la seg ikkje skikkeleg ned med albuane.

 

Innkalling frå sitt: 10 poeng
Kunne vel ikkje gjort det stort betre her. Storfornøgd!

 

Stå under marsj: 7,5 poeng
Gjekk nokre skritt ekstra. Men veldig fornøgd med at ho ikkje snudde seg etter meg når eg gjekk forbi og bak.

 

Fritt hopp over hinder: 9,5 poeng
Hinder er gøy, så det flaug ho over, lett som ein plett. Trur ho hadde ein litt skeiv innsitt, og at det var det som vart trekt for.

 

Avstandskommandering: 8 poeng
Ho la seg ikkje skikkeleg nedi med albuane på første dekk – kommando, men resten av øvelsen gjekk ganske greit.

 

Heilhetsinntrykk: 9 poeng

Poengsum: 145,5 

Categories: Trening og stevner

2 comments

    • Catania

      Tusen takk 🙂
      Den var eg veldig forberedt på, sjølv om eg hadde eit lite håp om at ho skulle bli liggande når ho la seg lenger ned, på grunn av han som ropte nei til bikkja si i ringen :p Men pyttsann, no blir det å starte på dei nye øvelsane, så vi forhåpentlegvis får gått eit stevne til neste år også 😀

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *