Siste halltrening før stevnet!

På laurdag brakar det laust med lydighetsstevne oppe i ridehallen. Og i dag var siste halltrening før stevnet. Veit ikkje heilt om eg kjenner meg klar, men tenker vi får prøve og ha det morro, så får det heller gå som det går.

Fellesdekk:
No som har det har begynt og bli kjølig ute, sliter vi litt med dekk. Catania er ein frysepinne med lite pels, og ho mislikar å ligge nede på kaldt underlag. At det ofte er kjøligare inne i ridehallen enn ute, hjelper ikkje stort det heller.
Men i dag fokuserte eg ein del på dekk, og at ho skulle ligge nede over tid. Og prøve å belønne ofte med god og mjuk, heimetørka lammelever.

Tok ein enkeltdekk der eg stod nokre meter unna. Belønna ganske ofte, og eg føler det gjekk over forventningane.
Men så heiv vi oss med på ein fellesdekk også, men når eg snudde meg mot ho igjen etter å ha gått i frå, var albuane oppe frå bakken og ho var på veg opp i sitt. Gjekk tilbake for og få ho ned igjen, og fikk belønt 3-4 gangar i løpet av fellesdekken. I det tida var ute, avslutta ho sjølvsagt øvelsen med det ho starta med.
Blir. Sprø.

Det er heldigvis meldt opp mot 10-11 plussgrader på laurdag, i motsetning til dei knappe 3 gradene som var i kveld.

 

Lineføring:
Syns denne har blitt ganske bra i det siste, sidan eg har fokusert på kontakt og har tatt det skritt for skritt. Vendingar og holdtar går også ganske greit. Er veldig spent på kor lenge ho held kontakten på laurdag!

 

Dekk frå holdt:
Som sagt; vi sliter litt med dekk. No som det er kjølig er ho litt «både – og». Men ho kan vere litt treg og få heilt ned dit eg eigentleg vil ha ho.

 

Innkalling:
Kan vel ikkje sei meg anna enn fornøgd her, trur eg. Kan ha litt skeiv innsitt til tider, men akkurat det bryr meg ikkje så veldig mykje.

 

Stå under marsj:
Har komt seg ein del, hender ho går nokre skritt ekstra etter stå-kommando. Men i det siste har ho stått veldig stødig når eg går bak ho, og rikkar seg ikkje. Veldig fornøgd med det!

 

Hopp over hinder:
Ho flyr vel meir enn ho hoppar, trur eg. Blir som med innkallinga, at innsitten kan bli litt skeiv. Men fart og spenning er morro, så då blir frøkna litt ivrig då gitt. Så det bryr meg ikkje så mykje.

 

Avstandskommando:
Utruleg nok har det ikkje vert så mykje trøbbel med denne øvelsen. Har heller hendt at ho går ned i dekk før eg rekker og gi kommando, tru det eller ei. Ikkje at eg vil at ho skal legge seg før kommando, men det har gått ganske greit dei siste gangane.

 

Categories: Trening og stevner

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *