Dagens utblåsning


Fine gode Fenris på luftetur.

Barn og hund – er det eigentleg så positivt alltid?

Eg får så lyst til og rope, skrike og gaule av frustrasjon for dei småungane som er ute på luftetur med bikkja aleine.
I det siste har eg nemleg møtt nokre ungar som er ute og lufta bikkja aleine. Dette er ungar som ser ut til å knapt vere i barneskulealder, og dei er ute med bikkja mutters aleine. Det er ikkje ein voksen person og sjå i nærleiken.

Er spesielt ei lita jente eg har møtt, ho går med ein Cavalier King Charles Spaniel. Ho går med hunden i flexiline, og den klikkar mentalt når den ser andre hundar.
Eg har sjølv ei frøken som kan oppføre seg som ei skikkeleg drittbikkje ved passering av andre hundar, men ho blir korrigert og det er sjeldant noko problem. Eg går gjerne over på andre sida av vegen og held heller avstand til møtande hundar, for eg har nemleg ikkje noko stort behov for og la andre få hilse på.

Ved ei passering av denne jenta og hunden, gjekk eg ganske raskt over på motsatt side av vegen. Eg har kontroll på Catania, og det er null stress. Sett vekk i frå at Cavalieren går fullstendig amok. Og då tenker eg; kva om det ikkje hadde vert eg som hadde komt gåande, men nokon andre med hund som ikkje hadde kryssa vegen? Då kunne det raskt ha blitt ein veldig skummelt episode.

Ved ei seinare anledning når eg gjekk ein kort runde med både Catania og Fenris, kom eg til ein sving ved blokkene borti her. Hørte brått ei dame som starta rope frå ein veranda i blokka «*namn* det kjem nokon». Sjølv tenkte eg ikkje noko særleg mykje meir over det, før det brått dukka opp ein Cavalier forran oss. Den gjekk, som vanleg, i flexiline. Flexilina var ved full lengde, og kvar var jenta? Ho var lenger bak svingen, og ikkje å sjå.
For og sei det slik, eg klarar fint og holde igjen bikkjene eg går med, men når det kjem ein liten jypling som startar bråke, og eg står der med nærmare 40 kg hund til saman, så er det ikkje så kult altså. Igjen; kva om det hadde skjedd nokon her, og ho lille jenta gjekk der utan ein vaksen person? Ho gjekk med ei tenåringsjente, som sjølv har nada kontroll på bikkja si, som eg ved fleire anledningar har vert nær ved å kjøre over. Nettopp på grunn av den hersens flexilina og at bikkja har tilgang til og vase rundt midt i vegen!

Altså, om det hadde vert mi jente og min hund, så hadde ho aldri i verden fått lov til og gå tur aleine med den. Og i vert fall aldri med hunden i flexiline!

Sånn, det var dagens utblåsning etter at eg møtte på den stakkars jentungen i dag også.

Categories: Catania

1 comment

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *