I fri utfoldelse

I går tok vi turen opp til Langeland for og legge eit lite blodspor så vi kjem oss i gang igjen med treninga. Er spent på korleis det kjem til og gå, med tanke på at ho viste null interesse når vi skulle trene før sommarferien. Mulig det har gjort seg med ein lang pause?

Men når vi først var der oppe, tenkte eg og gå meg ein runde. Men hadde tatt på meg heilt feil sko, for der oppe var det nemleg veldig, veldig bløtt. Så då fikk ho heller herje rundt på område nærme parkeringsplassen, og det trur eg ho satte enormt stor pris på. Å endeleg kunne springe rundt som ein tulling!

Categories: Catania

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *