Oppsummering

Tenkte det kunne vere greit med ei kort oppsummering over korleis treninga går for tida.
Stevnet som skal vere i Florø i morgon blir det ikkje noko av for vår del. Men shit happens, vi får ta det igjen i slutten av oktober, så er det stevne her i Førde. Sjølv om eg i bunn og grunn kunne tenkt meg og gått på begge to.

 

Lineføring:
Lineføring er noko eg har fokusert meir på i det siste, for det har alltid vert ein kjedeleg øvelse der Catania raskt havnar i si eiga lille boble, og startar med snusing. Så eg har jobba slik at ho får godbit og ros allerede i det første steget om ho har kontakt. Og jobba meg sakte men sikkert vidare derifrå. No kan vi faktisk gå greit langt med vendingar og fartskifte.
Hender ho kan dette ut, men då er det min feil. Då har eg dratt strikken litt for langt. Men vi er på riktig spor.

Stå under marsj:
Brått har Catania fått det for seg at ho kan stå under marsj. Eller det vil sei; ho stoppar raskare på stå-kommandoen. Øvelsen er ikkje 110%, men sjølv om den kunne vert mykje betre, så er eg greit fornøgd med bruningen min.
Trenar fortsatt ein del moment her, og avstandsbelønning bak er veldig fint.

Innkalling:
Ved for lang avstand (i følge ho sjølv sidan vi har hatt slike avstandar før), har eg merka at ho brått kan finne på og komme inn på feil side. Kortar med ein gong ned avstand så innkomsten blir riktig, men økar ganske kjapt igjen.
Men sidan dette er ein ganske fartsfylt øvelse, kan ho til tider bli litt for gira og havnar då litt for langt ute på sida.

Dekk frå holdt:
Det var det underlaget då. Det er ikkje til å unngå at eg har ein frysepinne som kan vere svært følsom som kvar ho blir bedt om og dekke. Er ikkje utan grunn at ho aldri legger seg ned på stuegolvet med mindre det er steikande solflekkar der.
Har gått ganske greit, men ho er til tider på det stadiet at ho kun legger seg greit ned, men heisar seg opp når eg går vidare.

Enkeltdekk 2 minutt:
Har gått overraskande greit dei siste gangane. I ridehallen har dei strødd eit tjukt lag med sagflis på bakken, og det var ikkje så populært. Kanskje ikkje så rart, sidan ein på enkelte områder går og vassar i det. Og frøkna kan brått hoppe til fordi ho har sagflis hengande fast i stumpen.
Men alt i alt, så har enkeltdekken gått greit.

Avstandskommandering:
Kan til tider vere litt kjapp i avtrekkaren og er klar for å smelle i bakken før kommando. Men det er heldigvis ikkje så ofte, men prøvar ho seg, startar vi på nytt. Hender ho er litt treg på oppsitten, men øvelse gjer meister seiast det.

Legg igjen en kommentar